Vi markerer full fiberdekning

Som ein av dei aller, aller første distriktskommunane i landet, markerer Fjord kommune at vi no kan tilby alle fastbuande fiberbreiband.

I oktober 2020 teikna Fjord kommune kontrakt med TAFJORD om utbygging av fiberbreiband i heile kommunen. Dette innebar at Fjord kommune no har nådd målsetjinga om fiber til alle fastbuande. Utbygginga har følgt  ein nøye oppsett plan med klare tidsfristar. Samarbeidet med Tafjord Connect har gått heilt etter planen, og vi er no i mål, seier ordførar Eva Hove.  Dette skal sjølvsagt feirast!

Vi inviterer til fiberfest i Stordal frivilligsentral 4. mars frå kl 1330. Offisiell opning kl 1400.

TAFJORD har lova å stille med vaflar- og ikkje  minst stiller dei med teknisk support for abonnentar som kan ha bruk for litt hjelp.

Totalt  omfattar denne utbygginga faste husstandar og verksemder i heile kommunen. På sikt kan det også bli aktuelt å tilby fiberbreiband til fritidsbustader i kommunen.

  • I dagens samfunn er fiberbreiband like viktig infrastruktur som straum og vatn. Skal vi få folk  til å bu her, må dette vere på plass. Det har vi til fulle erfart dei to siste åra der mange av oss er blitt nøydde til å utføre stadig meir av arbeidet vårt digitalt. Å syte for fibertilgang er dessutan  god distriktspolitikk, seier Eva Hove.

Utbygginga er finansiert delvis med NKOM-midlar (40%) men dette kunne ikkje ha vore muleg å realisere utan at kommunen også over tid har sett av betydelege summar til dette føremålet.  

  • Dette er ei satsing som vert lagt merke til.  Stortingsrepresentant Per Vidar Kjølmoen frå Næringskomiteen har sagt at han vil  feire dette saman med oss. Det håper vi mange innbyggjarar også vil, seier ordførar Eva Hove, for dette er noko vi er stolte av!

De finn oss på Frivilligsentralen i Stordal.