Velkomen til kongebesøk og folkefest!

Det blir stas å få Kong Harald og Dronning Sonja på besøk tysdag 30. august. Etter besøket vil folkefesten halde fram til ca. kl. 14.  Vi håper på ei fin ramme og godt oppmøte. Vi oppmodar folk til å heise flagget denne dagen.

Kongeparet kjem sjøvegen med kongeskipet og går i land på Syltetorget klokka 1030. Det blir dei tatt imot med blomster og velkomsthelsing.

Det blir innslag frå scena, og Dronning Sonja skal halde tale. Etter at Kongeparet har reist vidare, held folkefesten fram til kl 14.
Sjå programoppsettet her (PDF, 148 kB).

Vi oppmodar folk om å vere på plass i god tid før kl. 1030 slik vi kan helse Kongeparet med norske flagg og heiarop. Syltetorget er delt opp i ulike områder. Kart over området finn du her (PDF, 498 kB). Det vil vere vertar til stades, som er godt synlege med vestar. Dei vil rettleie folk inn på området.
NB! Publikumsinngangen er ved parkeringsplassen ved gatekjøkkenet.

Det blir tilrettelagt for parkering på rådhusmarka. Rørslehemma kan parkere nede ved gatekjøkkenet.

Hendinga vil bli direktesendt på kommunen si facebook-side.