Velkomen til innspelsfest for uteområdet

Onsdag 14. september kl. 14-16 inviterer vi til innspelsfest for gode idear til uteområdet ved Elvetun/ Valldal Sjukeheim/ Open omsorg. Alle som er interessert i å vere med og utvikle området er hjarteleg velkomne!

Stad: paviljongområdet utanfor Valldal sjukeheim

Bakgrunn

Vi ønsker å lage eit endå bedre tilbod til brukarane våre i Fjord kommune. Vi har eit flott, stort uteområde som fylt med ulike aktivitetar kan vere til stor glede for mange. Dette skal bli eit tilbod som femner mange brukargrupper!

Vi vil fortelle litt om kva vi har tenkt, og vil veldig gjerne høyre kva dokke tenker.

Glimt gjengen serverer vaflar og kaffe, samt bidrar med eit par musikkinnslag! Det skal vere godt å bo her, ha meiningsfulle aktivitetar å fylle dagane med og kjekke ting å sjå på og oppleve.

HJARTELEG VELKOMNE!


Plakat