Velkomen til bålkaffi!

Velkomen til bålkaffi!

Vi ønskjer velkomen til ein ny naturmøteplass ved leirduebana i Valldal. Tysdag 3. mai kl 12-14 vert det kaffi og vaflar og hyggeleg prat rundt bålet.
Stikk innom!

Det er Sunnmøre friluftsråd som står bak naturmøteplassen, i samarbeid med frivilligsentralen og frivillige vertar. Naturmøteplassen vert fast annankvar tysdag kl 12-14. 

Stad: grindløa ved leirduebana på Øygarden i Valldal.
Det er ein fin tur å gå dit frå Døving eller Sylte. Det er også mogleg å parkere der, bruk merka p-plass litt nedanfor grindløa. Ta gjerne med deg ein kopp og sitjeunderlag om du vil. 

Naturmøteplassen er ein uformell lågterskel møtestad der alle er hjarteleg velkomen innom til kaffi og ein prat. Det er slike naturmøteplassar i regi av friluftsrådet fleire stadar på Sunnmøre.

Vi takkar Valldal Jeger og fiskeforening som velvillig stiller grindløa si til disposisjon.

God tur! Stikk innom for ein prat!


Plakat (PDF, 2 MB)