Vel gjennomført Supersommar!

Barn som syng og som står med ryggen til. Bygningar og trafikk i bakgrunnen. - Klikk for stort bileteSongseminar på Supersommar Bjørg Jacobsen

Riding, kajakktur, symjekurs og kokkekurs. Fotballskule, kodejakt, bowling og songglede. Supersommar 2023 vart gjennomført med 25 ulike aktivitetar fordelt på 13 dagar.

Det var totalt 481 deltakarar på aktivitetane. Nokre av barna deltok på fleire aktivitetar, så det unike deltakartalet er lågare.

Alle aktivitetane var lagt til Fjord kommune – hos lokale aktørar eller i regi av frivillige lag/organisasjonar eller kommunale einingar.

Vi takkar Gjensidigestiftelsen for tilskot til gjennomføring av Supersommar.

 

Om det er interesse for det blir det vurdert å søke støtte for gjennomføring av Supersommar også i 2024.

Fotball på kunstgrasbane. Fotballspelarar i bakgrunnen. - Klikk for stort bilete
ei sjokoladekake på skulekjkkenent. Personar i bakgrunnen - Klikk for stort bilete
Fleire gule og raude kajakkar padlar på ein fjord. Fjell i bakgrunnen. - Klikk for stort bilete
Barn som syng og som står med ryggen til. Bygningar og trafikk i bakgrunnen. - Klikk for stort bilete
Fint pynta kongestol i eit grønt rom. - Klikk for stort bilete