Vekst i Fjord

Vekst i Fjord

I perioden 01.01.22-31.12.23 er næringsfondet lagt inn i prosjektet Vekst i Fjord. Målet med Vekst i Fjord er å hjelpe verksemder som ønskjer vekst og utvikling m.a. gjennom å hente inn kapital.

Ut 2023 vil derfor søknader som kan svare positivt på eit eller fleire av følgande spørsmål bli prioritert ved vurdering av støtte:

  • Er tiltaket det blir søkt støtte til del av ein heilskapeleg utviklingsplan for verksemda? Hvis JA – legg ved verksemda utviklingsplan som syner dette i søknad om støtte.
  • Føreligg det eit prospekt/investorpresentasjon for å hente inn kapital/investorar i selskapet? Vil støtte frå næringsfondet bidra til å styrke arbeidet med kapitalinnhenting? I tilfelle, korleis?
  • Er verksemda i prosess for å lage prospekt/investorpresentasjon med mål om å hente inn kapital/investorar? Vil støtte frå næringsfondet kunne bidra til å gi nyttige avklaringer som styrker prospektet/investorpresentasjonen? I tilfelle, korleis?
  • Vurderer verksemda på sikt å hente inn kapital/investorar for å vekse vidare? Korleis kan støtte frå Næringsfondet hjelpe verksemda i desse vurderingane?

Sak 100/22 i formannskapet: Formannskapet stadfestar tilnærminga for bruken av næringsfondet, slik det kjem fram av rapporten, utan at ein dermed ekskluderar verksemder som har andre faktorar enn kapitalinnhenting som grunnlag for sin søknad.