Vedtak/beslutning om felling av Kanadagås i Stordal

Vedtak/beslutning om felling av Kanadagås i Stordal

I området rundt fritidsbåthamna er det store mengder kanadagås som har tilgrisa området der det er allmenn ferdsel. Dette er ålment kjent, og meldt inn av fleire.

 

I Forskrift om skadefelling, dødt vilt og bruk av vilt i oppdrett, forskning og dyrepark (viltforskriften) står det: «….Kommunen kan av eget tiltak iverksette uttak av knoppsvane og kanadagås når de oppholder seg på områder hvor de utgjør en fare for skade på person, hindrer ferdsel eller utgjør en helserisiko ved omfattende tilgrising av friområder, badeplasser eller liknende.»

 

Etter den vurderinga vedtek me felling av inntil 5 kanadagjæser i området skissert nedanfor f.o.m. 04.08.2025 t.o.m 18.08.2025. Jakttida for kanadagås opnar 10.08, men me avklarar området for jakt (ein skal normalt ikkje jakta i tettbygd strok).

 

Fellinga vert effektuert av eksterne, på desse vilkåra:

Politiet skal varslast på førehand (det skal avklarast om kommunen eller jeger/kontaktperson varslar).
Det skal avklarast om det skal informerast ut over det, td skilt eller kommunen si nettside.
Felling skal vera avklart med grunneigar der jakta faktisk føregår. Offentleg eigd areal er avklart.
Jeger/kontaktperson kan nytta eventuelt utbyte av jakta.
Felling skal utførast i tråd med det som framgår i dette notatet, og utover det, i tråd med viltlova.

 

Erfaringsmessig er det ofte slik når ein jaktar, forsvinn kanadagjæsene etter at ein har teke ut nokre av dei. Det er difor ikkje vedteke eit større tal. Det kan vera aktuelt å beslutta uttak av fleire gjæser. Det kan vera aktuelt å tillata ordinær jakt på det aktuelle området ut over gjeve tidsrom, til dømes som ein del av felles jakt med føremål bestandsregulering.

 

Det er notert som innspel til kommuneplan at ein lyt setja av areal til fauna. Dette til orientering.

 

Arvid Berge
Landbrukssjef
E-post
Mobil 41 86 79 26