Arvid Berge

Arvid kan hjelpe deg om du har landbruksrelaterte spørsmål.

Han er fysisk tilgjengeleg for møte i Valldal tirsdagar og Stordal torsdagar.  

 

Nøkkelinformasjon

Ofte stilte spørsmål

Korleis avtale møte med saksbehandlar

Når du har funne saksbehandlaren du ønsker å snakke med, trykk på "reserver" for å få opp kalendaren til vedkomande slik at du kan sjå når dei har ledig tid. Vel det tidspunktet som passar deg best.

For førespurnader som kjem inn seinare enn ein arbeidsdag før ønska møtetidspunkt, kan vi ikkje garantere at saksbehandlar kan møte til ønska tidspunkt.

Fyll ut registreringsskjema så detaljert du kan, slik at sakbehandlaren kan vere godt budd til møtet.

Førespurnaden blir sendt direkte til saksbehandlar. Du vil så få ein e-post frå vedkomande med endeleg stadfesting på om ønska tidspunkt er godkjent eller ikkje.

Personleg oppmøte eller telefon

Du kan i utgangspunktet velje om du vil møte personleg, eller via telefon. Saksbehandlar står likevel fritt til å endre dette om vedkomande meiner det er tenleg.

Om du ønsker telefonmøte vil saksbehandlar ringe deg på avtalt tidspunkt. Hugs å oppgi telefonnummeret du vil kontaktast på i registreringsskjemaet.

Kor langt møte kan eg få?

Du kan bestille møte på 30 minutt. Om du meiner du treng meir tid kan du oppgje dette i kommentarfeltet i registreringsskjema.

Kor lang tid i forkant må eg avtale tid?

For førespurnader som kjem inn seinare enn ein arbeidsdag før ønska møtetidspunkt, kan vi ikkje garantere at saksbehandlar kan møte til ønska tidspunkt.

Korleis kan eg avlyse eit avtalt møte?

Om du må avlyse eit avtalt møte, må du ta direkte kontakt med saksbehandlaren du har gjort avtale med. 

Kontaktinformasjonen er sendt til deg i e-posten der sakbsehandlar stadfesta møtet.

Kva kan eg få hjelp til?

Saksbehandlar kan bistå med søknadar og svare på spørsmål knytt til sitt fagfelt.

Avdelingar

  • Teknisk