Valldalsleia bit for bit

Valldalsleia bit for bit

Pilegrimsleia. Steindalen. Kristi Linge Stakkestad Velkomen til vandring på pilegrimsleia i små etapper med lokale turleiarar som fortel undervegs. Første etappe går til Døving. Start frå Syltetorget torsdag 5. mai kl 1800. 

Turen følgjer pilegrimsleden Valldalsleia opp til Korsbrekka og vidare fram gjennom Syltemoa til Døving (ca 4 km). Det blir historieforteljng og guiding undervegs. Turleiar er Arne Sandnes.
NB! Det er vått/snø i terrenget enkelte stadar, bruk gode sko. Returskyss vert organisert ved behov, elles er det fint å gå same veg tilbake. Vel møtt!

Vil auke kjennskapen til Valldalsleia og Olav i folketradisjonen
Prosjektet Valldal 2029 arrangerer dei komande vekene «Valldalsleia – bit for bit» der alle er invitert til å bli med lokalkjent turleiar og gå Valldalsleia i korte etappar.
Fredag 13. mai Døving-Bjørstad
Torsdag 19. mai Bjørstad-Hoel
Torsdag 2. juni Hoel-Rem
Torsdag 9. juni Rem-Grønning
Torsdag 16. juni Grønning-Grønningseter
Plakat (PDF, 2 MB)

Valldal 2029
Prosjektet Valldal 2029 er eit utvikling- og verdiskapingsprosjekt som har som mål å utvikle pilegrimsleia år for år, og å arrangere tusenårsjubileum i 2029. Då er det tusen år sidan Olav Heilage flykta opp gjennom Valldalen. Jubileet er ein del av «Nasjonaljubileet – Norge i tusen år» som vert arrangert ulike stader i Norge fram mot 2030.

Lenke til Valldalsleia på pilegrimsleden.no

Facebookgruppe Valldal 2029