Heilag-Olav i Valldal
I 2029 er det 1000 år sidan Kong Olav Haraldsson, seinare Heilag Olav, var på flukt frå Knut den store og Håkon Jarl inn Storfjorden til Valldal, og over fjella til Sverige og Gardarike. Dette jubileet er ein del av Nasjonaljubileet 2030 – Norge i tusen år.
Nasjonaljubileet
Fram mot 2029 skal vi i prosjektet «Valldal 2029» jobbe med å få til meir verdiskaping langs pilegrimsleia Valldalsleia, og kople Kystpilegrimsleia og Valldalsleia saman. Vi ønskjer å involvere flest mogleg aktørar i planlegginga og gjennomføringa av Nasjonaljubileet Valldal 2029.
Konferansen
Fokus for konferansen i år vert derfor å inspirere til å sjå moglegheitene som ligg i verdiskaping og utvikling av arrangement og opplevingar fram mot 2029. Konferansen vert avslutta med ein eigen arbeidsverkstad for idemyldring og innspel. Program for konferansen. (PDF, 397 kB)
Det blir servert ein god lokalprodusert lunsj og lokal frukt og drikke.
Konferansen er gratis og open for alle interesserte. Vel møtt!
Send påmelding til terese@fjordhagen.com på denne lenka.
Påmeldingsfrist er 4. oktober.
Velværedag, strikkekafe og vandring
Laurdag 7. oktober og søndag 8. oktober blir det også fokus på Valldalsleia.
Les meir om aktivitetane på Fjordhagen si nettside.
Borgundknarren i Valldal 2023.