Ut på tur med Naturlos

Haustens Naturlos-brosjyre frå Sunnmøre friluftsråd presenterer 50 ulike turar med naturlos. Her finn du omtale av fellesturar både i Fjord og i andre kommunar. Bli med på tur!

I Naturlosbrosjyren (PDF, 7 MB) finn du turomtalar av fellesturar med naturlos (turleiar) som du kan delta på saman med andre. Det er gratis å delta.

Sunnmøre friluftsråd gir årleg ut to slike brosjyrer - ei om våren og ei om hausten. Tidlegare har denne kome i postkassa til alle husstandar, men denne gongen er det berre ein digital versjon.

Ordførarens tur i Fjord kommune går til Mosætra i Stordal søndag 4. september.

Vel møtt!