Tv-aksjonen søndag 22.oktober

Fjord kommune ønskjer å minne alle om at førstkommande søndag 22. oktober kl. 16:00 er det på nytt TV- aksjon i landet vårt. 

Dette som både vert kalla verdas største dugnad og årets viktigaste søndagstur.

I år går dei innsamla midlane til organisasjonen Redd Barna - Vi redder barn. Pengane skal hjelpe born som er ramma av krig. Pengane vil mellom anna gå til skulegang, hjelp til å håndtere vonde kjensle, gjenforeining med familie, riktig kosthald og leikerom kor barn kan få vere barn. 

I år som i fjor blir det tradisjonell innsamling med bøsseberarar i alle bygdene. Det nye kommunestyret i Fjord kommune med vararepresentantar får med seg elevar frå 9. klasse i Valldal og 9. og 10. klasse frå Eidsdal og Stordal skule rundt til alle i bygdene våre.

Ta godt i mot bøsseberarane når dei kjem til deg søndag ettermiddag!