TV-aksjonen - Saman reddar vi liv

Fjord kommune ønskjer å minne alle om at førstkommande søndag er det på nytt TV- aksjon i landet vårt.

Dette som både vert kalla verdas største dugnad og årets viktigaste søndagstur. I år går dei innsamla midlane til organisasjonen Leger Uten Grenser. Pengane skal gå til livreddande helsehjelp og medisinar til dei som treng det mest. « Saman reddar vi liv».

Dei siste to åra har det på grunn av pandemi kun vore digital innsamling, men i år blir det tradisjonell innsamling med bøsseberarar i alle bygdene. Kommunestyret i Fjord kommune med vararepresentantar får med seg elevar frå 9. klasse i Stordal og Valldal, samt 8. og 9. klasse ved Eidsdal skule rundt til alle i bygdene våre.

Ta godt i mot bøsseberarane når dei kjem til deg søndag ettermiddag!