To nye basestasjonar i drift

Tysdag 12. desember var det markering av eit samarbeidsprosjekt med Telenor som gir betre mobildekning i bygdene våre. Dei nye basestasjonane er plassert i Eidsdal sentrum og på Døving i Valldal.

Bilde av bygg med antenne på vegg - Klikk for stort bilete Fjord kommune

God mobildekning er viktig infrastruktur

I mars 2022 markerte Fjord kommune at vi var ein av av dei aller første distriktskommunane i landet som kunne tilby fiberbreiband til alle fastbuande. 

God mobildekning er også ein svært viktig infrastruktur, både for innbyggjarar, næringsliv og besøkande. Fleire bygder i Fjord opplever at mobildekninga ikkje er god nok, og kommunen jobbar difor med å betre dette. Kommuneplanen sin samfunnsdel peiker på at gode kommunikasjonar er viktig og at vi skal samarbeide for å nå måla.

Markering av samarbeidsprosjekt

Vi er svært glade for at to nye basestasjonar no har kome i drift, ein på Døving og ein i Eidsdal sentrum. Desse har kome på plass som resultat av eit samarbeidsprosjekt med Telenor. Kommunen har sørga for nødvendig godkjenning frå grunneigar, og framføring av straum til basestasjonsutstyr, og Telenor har etablert antenner, kablar, samband og radioutstyr. Telenor si investering i dette prosjektet er på totalt 1,9 millionar kr.

Tysdag vart dette markert ved at Christian Ekelund og Ørjan Solheim Hammersland frå Telenor saman med ordførar Terese Jemtegård Moen, tidlegare ordførar Eva Hove og Aud Lindis Ødegaard frå Fjord kommune besøkte dei nye basestasjonane. 

Basestasjonen på Døving

Personar i halvsirkel - Klikk for stort bilete Fjord kommune

På Døving er mobilmasta sett opp på løeveggen i gardstunet til Jan Gunnar og Nora Susann Døving. Denne basestasjonen gjev betre mobildekning i Valldalen frå Døving mot Jordbærstova og opp mot Valldal stadion og byggefeltet Omnosåsen. Den dekkjer også vestover mot Valldal camping og Uritun camping. Ordføraren takka spesielt for det gode samarbeidet med grunneigar. Det har vore avgjerande for å få til den best mogleg plassering av basestasjonen. 

Betre dekning gir betre arbeidsforhold

Fleire andre hadde også møtt opp til markeringa på Døving, mellom anna Audun Skjervøy som saman med familien bur på og driv garden Storstova på Valdal. Dårleg mobildekning har lenge vore eit problem for fleire av jordbær- og grønsaksbøndene i denne delen av Valldal. Det har opp gjennom åra vorte mindre og mindre bruk av kontantar, og meir bruk av Vipps og mobile kortløysingar, og desse betalingsløysingane er avhenging av å ha godt mobilnett. 

Basestasjonen i Eidsdal sentrum

Personar som sit rundt eit bord - Klikk for stort bilete Fjord kommune

I Eidsdal sentrum vart den nye basestasjonen markert med kake og kaffi på Sjøkanten kafe, som er drifta på dugnad av Eidsdal næringsutvikling. Her vart vi godt tatt imot av Merete Løvoll Rønneberg som kunne fortelje at ein nok ville merke stor forskjell på mobildekning når høgsesongen for turisme startar i slutten av juni. Her har mykje av problemet vore at kapasiteten på mobilnettet har vore for dårleg når det vert brukt av mykje folk på ein gong.

Arbeid med betre dekning også i andre bygder

Tidlegare ordførar Eva Hove takka for det gode samarbeidet som har vore i dette prosjektet, og ordførar Terese Jemtegård Moen forsikra om at det vert jobba vidare med å betre mobildekninga i dei bygdene som framleis har dårleg dekning.