Tilskot til inkludering av barn og unge

Dans på Supersommar Bjørg Jacobsen

Frivillige lag og organisasjonar kan no søke om tilskot for å inkludere barn og unge i kulturlivet.

Søknadsfristen er 1. mars.

Om tilskotsordninga

  • Målet med tilskotsordninga er å gi barn og unge anledning til å delta i felles kulturaktivitetar på tvers av kjønn, etnisitet, funksjonsevne, sosial- og økonomisk bakgrunn og bustad. 
  • Ordninga er ein del av regjeringa sitt arbeid med å gi fleire barn og unge betre tilgang til fritidsaktivitetar i det frivillige kulturlivet. 
  • Tilksotet gjeld kulturaktivitetar innan musikk, teater, dans, litteratur, film og media, visuell kunst, dataspel, kulturarv, arkitektur og design, og tverrgåande kunst og kultur.

Målgruppe

Tilskotet gjeld tiltak for barn og unge 6-19 år.

Søkjar og samarbeid

Søkjar må vere registrert i Frivillighetsregisteret. Tiltaket skal vere eit samarbeid mellom ulike aktørar. Det kan vere både frivillige, offentlege og private aktørar.

Lenker

Meir om ordninga og lenke til søknadsskjema finn du her.

Film om ordninga (facebook-lenke)

Kven står bak

Tilskotsordninga er i regi av Den kulturelle skolesekken (DKS), ei nasjonal ordning for kulturformidling til barn og unge.