Til deg som er senior

Mobiltelefon

Vi lever i ei digital verd. Kanskje treng du informasjon og inspirasjon til å bruke mobiltelefonen din som eit godt hjelpemiddel i kvardagen? Seniornett ønskjer velkomen til to møte om dette temaet, det første er måndag 21. november kl. 13.00. 

Seniornett inviterer til to møte før jul der tema er bruk av mobiltelefon.

Når: Måndag 21. november og måndag 5. desember kl. 1300 - 1500.
Stad: Biblioteket i Valldal

Vi held fram etter nyttår. Plan for dette kjem seinare. Møter du opp kan du også vere med på å bestemme kva tema vi skal ta føre oss utover våren.
Kusleiarar er Magne Krogh og Kjell Rønning.

Gratis og uforpliktande. Alle seniorar er hjarteleg velkomne!

 

Arrangør er Seniornett i samarbeid med frivilligsentralane i Fjord.