Supersommar 2023!



Supersommar er eit tilbod om sommaraktivitetar for barn og unge i 1.-10. klasse i veke 26, 27 og 33. Aktivitetane er lagt til bygdene i Fjord kommune og er eit samarbeid med frivillige lag og organisasjonar, flyktningtenesta og lokalt næringsliv.

Tilbodet gjeld for barn og unge som bur i Fjord kommune.

Praktisk informasjon

Aktivitetane vil i utgangspunktet vare frå kl 09:30-14:45. Det vert sett opp skyss. Alle deltakarar må ta med eiga niste og drikke/drikkeflaske for heile dagen (med få unntak). Meir informasjon under kvar aktivitet på lenkene nedanfor.

Supersommar er gratis for deltakarane.

Påmelding

Påmelding via elektronisk skjema på heimesida til Fjord kommune. Påmeldinga blir opna måndag 12. juni ca. kl. 15:00.

• Nokre av aktivitetane vil ha begrensa antal plassar. Det vil bli sett opp venteliste om aktiviteten blir fullteikna.
• Du melder barnet på til aktivitet på det klassetrinnet eleven går på våren 2023.
• Merk at nokre aktivitetetar krev signering av eigenerklæring frå føresette.
• Påmelding vil vere open fram til 22. juni kl 23:59.

NB! Når påmeldinga di er registrert vil du få ein automatisk e-post med informasjon om dette. Det kan ta litt tid før e-posten kjem, men om du ikkje får ein slik e-post eller har problem med påmeldingsskjemaet så ta kontakt med oss på e-post/tlf.

Det er bindande påmelding – om barnet likevel vert hindra i å delta, er det viktig at de melder frå, slik at andre kan få tilbod om plass dersom det er venteliste. NB! Om barnet ikkje møter til aktiviteten og det ikkje er gitt beskjed om dette på førehand, vil føresette i etterkant bli fakturert med kr. 300.

Ved få påmeldte til enkelte aktivitetar kan det bli utvida påmeldingsfrist. Ved for få påmeldte kan aktiviteten bli avlyst.

Barn som skal starte i 1. klasse til hausten kan ikkje delta på Supersommar, med mindre dei har SFO-plass frå august og SFO skal delta på den aktuelle aktiviteten. (Då vil SFO sørge for påmelding).

Transport

Det blir gratis skyss mellom Stordal skule - Liabygda - Linge ferjekai – Valldal sentrum og til den staden aktiviteten skal vere. Sjå Supersommar bussrute på baksida av informasjonsskrivet.

Program og bussruter finn de på denne lenka (PDF, 549 kB)

Supersommar er drifta av Fjord kommune med støtte frå Gjensidigestiftelsen.

Aktivitetane

Klikk på lenka for aktiviteten for informasjon og påmelding.

 

Veke 26

Måndag 26. juni

Symjekurs i Tafjord friluftsbad for 1.-4. klasse - måndag 26. juni – onsdag 28. juni 
Kajakktur i Tafjord for 5. - 7. klasse - måndag 26. juni 
Oppdrag Tafjord for 8. - 10. klasse - måndag 26. juni 

Tysdag 27. juni

Oppdrag Tafjord for 5. - 7. klasse - tysdag 27. juni 
Kajakktur i Tafjord for 8. - 10. klasse - tysdag 27. juni 

Onsdag 28. juni

Kulå Bowling og Troll Dungeon for 5. - 10. klasse - onsdag 28. juni

Torsdag 29. juni

Rideskule på Stall Bjørstad for 1. - 10. klasse - fredag 30. juni 
Feriedag på tunet for 1. - 10. klasse - torsdag 29. juni 

Fredag 30. juni

Rideskule på Stall Bjørstad for 1. - 10. klasse - fredag 30. juni 
Feriedag på tunet for 1. - 10. klasse - fredag 30. juni 
 

Veke 27 

Måndag 3. juli

Valldal aktivitetspark for 1. - 10. klasse - måndag 3. juli 

Tysdag 4. juli

Fridag, ikkje Supersommaraktivitet denne dagen.

Onsdag 5. juli

Fjøredag i Stordal for 1. - 4. klasse - onsdag 5. juli 
Fotballskule for 5. - 10. klasse - 5./6./7. juli – 3 dagar 

Torsdag 6. juli

Aktivitetsdag inne og ute for 1. - 4. klasse - torsdag 6. juli 

Fredag 7. juli

Eventyrleg verkstad for 1. - 4. klasse - fredag 7. juli
 

Veke 33

Måndag 14. august

Kokkekurs for 1. - 4. klasse - måndag 14. august
Fjelltur frå Hauge via Ruggå til Ytterli for 5. - 7. klasse - måndag 14. august
Klatring, rapellering og grottetur for 8. - 10. klasse - måndag 14. august

Tysdag 15. august

Kokkekurs for 1. - 4. klasse - tysdag 15. august
SUP (Stand Up Paddle) og båttur til Vindsneset for 5. - 7. klasse - tysdag 15. august 
Juving på Gudbrandsjuvet for 8. - 10. klasse - tysdag 15. august

Onsdag 16. august

Kulå Bowling for 1. - 4. klasse - onsdag 16. august
Kokkekurs for 5. - 10. klasse - onsdag 16. august 

Torsdag 17. august

Songseminar med Maria for 1. - 10. klasse - torsdag 17. august 

Fredag 18. august

Fridag, ikkje Supersommaraktivitet denne dagen.

 

 

 

 

Bjørg Jacobsen
Frivilligsentralen/kulturkoordinator
E-post
Telefon 90 52 91 64