StikkUT! 2024 - nye turmål?

Medan vi er i full gang med StikkUT! vinter, driv vi også med planlegginga av sommarsesongen 2024. Har du forslag til eitt eller fleire nye turmål i Fjord?

Mest nærturar

Raudt skilt med StikkUT! i gult. Skog, røsslyng og bregner i bakgrunnen. - Klikk for stort bilete Fjord kommune

Fjord kommune har om lag 30 Stikk UT!-turmål i sommarsesongen. Det skal vere ei god blanding mellom enkle og meir krevjande turmål, men vi ønskjer flest lette turar der folk bur, altså nærturar. 
Vi prøver også å få til ei utskifting på nokre turmål kvart år.  Andre turmål ligg fast år for år, som til dømes Bedringens veg og Elvaforbygninga.

Fjord sine Stikk UT!-turmål for sommaren 2023 finn du her.

Organisering av arbeidet

Arbeidet med StikkUT-turmåla er organisert litt ulikt frå bygd til bygd. I Eidsdal og Norddal er det idrettslaga som organiserer arbeidet, i dei andre bygdene er det andre lag og/eller enkeltpersonar som tek seg av arbeidet. Om du har lyst til å vere med i planlegginga så har vi plass til fleire!
Så langt har vi hatt ei arbeidsgruppe for kvar av dei tidlegare kommunane.

Ønskjer innspel til nye turmål i Fjord 

Kan du ta ansvar for eitt turmål eller hjelpe oss med planlegginga?

Turmåla vert vurdert ut frå ulike kriterium som kor sårbare dei er for plante- og dyreliv, slitasje på stien, trua artar, verneområde og tilgang til parkering. I tillegg skal det vere ei viss fordeling etter geografi og vanskegrad, og grunneigarforhold må vere avklart.  Vi ønskjer enkle turar knytt til kvar bygd og større bustadområde.

Vi tek imot innspel heile året, men frist for forslag for 2024-sesongen er 29. januar 2024.

 

Hallgeir Hove
Dagleg leiar Stordalshallen / kulturkonsulent
E-post
Telefon 90 94 93 58
Kristi Linge Stakkestad
Folkehelsekoordinator/Frivilligsentralen
E-post
Telefon 41 86 78 06