Stikk UT! skaper god folkehelse

Skilt Stikk UT! sommar

Friluftsråda i fylket takkar for innsatsen. Det vart registrert 900 000 Stikk UT!- turar i Møre og Romsdal i sommarsesongen 2022. Nærturane rundt der folk bur er viktige!

God Stikk UT!- sesong

Trass i ein litt våt sommar var det 40 000 deltakarar som gjekk turar og registrerte dei i Stikk UT!-appen eller på stikkut.no. I 2022 var det totalt 500 ulike turmål å velje mellom, fordelt utover kommunane i Møre og Romsdal.

At Stikk UT! får folk ut på tur trass i dårleg ver er eit viktig folkehelsearbeid!
Det er Sunnmøre friluftsråd og Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal som står bak turtrimmen Stikk UT!, i samarbeid med medlemskommunane.  Les meir om Stikk UT!-sesongen her.

Fakta om Stikk UT! i Fjord 2022

  • 300 av innbyggjarane i Fjord kommune har totalt registrert 7075 turar.
  • Det var 29 ulike turmål fordelt mellom alle dei sju bygdene.
  • Totalt 22 000 registreringar på turmål i Fjord. Det vil seie at vi fekk mange turgåarar på besøk!
  • Mest besøkt var Bedringens veg med 4731 besøk og Moloen i Stordal med 3326 besøk.
  • Oversikta for Fjord finn du her.

Stikk UT! Vinter

Blått skilt Stikk UT! Vinter

Den blå Stikk UT!-sesongen med både fotturar og skiturar startar 15. desember!

Premiar

Stikk UT! -premiar 2022

Har du bestilt krus eller skål i premie kan du hente dei på rådhuset eller kommunehuset så snart du får melding om det. 
Friluftsrådet sender ut informasjon på e-post.

Vel møtt til neste sesong!
Stikk ut ein tur også når det er vinter og mørkt - hugs refleks!