Status varsla ekstremver - kl 1445

Fjord kommune har i dag  hatt driftspersonell ute i alle bygdene for å sjekke grøfter, slukar, stikkrenner etc med tanke på det varsla ekstremveret. Så langt er det ikkje registrert noko problem hos oss.

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal har informert kommunen om at det vil verte sendt ut sms-varsel gjennom det nasjonale varslingssystemet til alle som oppheld seg i fleire kommunar, m.a. Fjord kommune. Dette blir gjort for mellom anna å nå turistar og andre som ikkje har fått med seg informasjonen på annan måte.

Det er vanskeleg å vite eksakt korleis vertilhøva vil utvikle seg,  noko som tilseier at  kommunen sine tilsette vil følgje godt med i timane som kjem.

Vi ber også alle innbyggjarar å følgje dei råda som kjem frå styresmaktene. Skulle det oppstå utfordrande situasjonar, så ber vi om at de kontaktar kommunen.