Status ekstremveret "Hans"

Fjord kommune følgjer situasjonen nøye, og har sett i verk førebyggande tiltak.

  • Teknisk har no ute driftspersonell som ser etter grøfter, slukar og bekkeinntak. Fokus på kommunale vegar og bustadfelt.
  • Vi følgjer med på oppdaterte meldingar frå meteorologisk institutt, NVE og Statsforvaltar.
  • Vi vil utover dagen ha driftpersonell ute for å fylgje med situasjonen.
  • Det blir sett inn ytterlegare tiltak dersom det situasjonen krev det.

Vegar kan verte stengd på kort varsel pga. fare for ras, eller at vegen er stengd av ras som har gått. Flaum i bekkar og elevar kan også føre til at vegar vert stengd.

Ein vil frårå å opphalde seg nær elvar og bekkar som kan vere utsatt for flaum.

Det viktig å sikre og flytte verdiar langs utsette vassdrag og i kjellarar som kan vere utsett.

Om du som privatperson er bekymra for din situasjon lokalt:

  • Ta kontakt med kommunen på teknisk vakttelefon 418 67 900 dersom du skal melde om ei hending.
  • Kontakt politiet (112) dersom det er fare for liv og helse.

https://varsom.no/flom-og-jordskred/om-flom-og-jordskred/ekstremvaeret-hans/