Snakk om sjølvmordstankar - Det kan redde liv

24. oktober startar Ressurssenter om vold, traumatisk stress og selvmordsforebygging, RVTS Midt,  ei regional folkeopplysningskampanje om førebygging av sjølvmord. Kampanjen "Snakk om selvmordstanker- det kan redde liv" vil vere synleg i Trøndelag og Møre og Romsdal, i fem veker.

I 2021 var det 658 mennesker som tok sitt eget liv i Norge. Av disse var 2 av 3 menn. Kampanjen er eit av fleire tiltak i regjeringa sin handlingsplan for førebygging av sjølvmord, Ingen å miste, 2020-2025 og del av ein større innsats for å førebygge sjølvmord. Primær målgruppe for kampanjen er vaksne menn i alderen 40-60 år. Dette fordi menn i mindre grad enn kvinner søker hjelp.

Snakk om sjølvmordstankar – det kan redde liv

Sjølvmordstankar synes ikkje, og mange som slit med slike tankar held tankene for seg sjølv. Derfor må vi snakke om det. Det kan redde liv.

Hovedmålet med kampanjen er å bidra til å auke befolkninga sin kunnskap om sjølvmordstankar, redusere stigma og få fleire til å søke hjelp. I tillegg er det eit mål at fleire skal tørre å fortelle at dei har sjølvmordstankar, og at menneske rundt skal tørre å spørre. Alle kan bidra i dette viktige arbeidet.

Sjølvmord er komplekst

Å skulle forklare sjølvmord er komplekst, og handlar ikkje nødvendigvis om psykiske lidingar. Det er mange forhold som kan bidra til sjølvmordstankar og sjølvmord, på både individuelt, relasjonelt og samfunnsmessig nivå. For nokon kan livsbelastningane vere store og vanskelege å handtere, slik som ved skilsmisse, tap av arbeid, dårleg helse eller økonomi.

Kampanjen er ein del av eit todelt prosjekt som er initiert av Helsedirektoratet, og består både av ein kampanje retta mot befolkninga og eit opplæringstilbod for tilsette i kommunar, helseforetak, fastlegar og frivillege.

Her finn du gode råd om sjølvmordstankar

Ved akutt fare for sjølvmord, ring 113 umiddelbart. Ring heller ein gong for mykje enn ein gong for lite.