Skule-LOS på plass

Eg heiter Ragnhild Bjørstad Vikene, er 43 år og bor i Valldal. Etter 6 år som spesialpedagog på Valldal skule skal eg no starte i 60% stilling som skule- LOS i Fjord kommune.

Høgt skulefråvær hos elevar er ei aukande utfordring i samfunnet vårt, og difor er det etablert prosjektstillingar i mange kommunar. I arbeidet som skule-LOS skal eg vere med å legge til rette slik at elevar som har bekymringsfullt høgt skulefråvær får hjelp og tilrettelegging som er individuelt tilpassa. Dette kan vere enkle tiltak, eller meir samansette tiltak som krev samarbeid med fleire som til dømes helsesjukepleiar, BUP og PPT. Målet med arbeidet er at eleven skal klare å auke oppmøte på skulen, og dermed også betre skuleprestasjonane sine og hindre fråfall.

I min faglege bakgrunn er eg utdanna vernepleiar, men har i ettertid tatt utdanning både innan spesialpedagogikk og psykisk helsearbeid. Eg ser fram til å møte elevar, foreldre og lærarar med mål om at alle elevar skal kunne finne sin plass for trivsel og utvikling i skulen.

Prosjektstillinga er delvis finansiert gjennom ei statleg ordning (Bufdir), der Fjord kommune etter søknad har fått tildelt midlar.