Visjonen til MOT er å skape eit varmare og tryggare samfunn. Har du tenkt over korleis DU kan bidra? Velkomen til MOT-foredrag på Martin Linge-huset måndag 2. mai kl 1830.
Foredragshaldar Olav Gjøvik vil gjennom forskning, historier og erfaring gi oss konkrete verktøy som styrker oss i rollene som leiar, tilsett, foreldre, venn og vaksen.
Tema: Sjå heile mennesket!
"Det skal ein heil landsby til for å oppdra eit barn."
Målgruppa er føresette, interesserte vaksne, trenarar, leiarar i lokalsamfunnet, fritidsarenaen, og andre i nærmiljøet som arbeider med barn og unge.
Gratis inngang.
Vel møtt!
Plakat (PDF, 40 kB)
MOT
Publisert 02.05.2022 14.57