Positivt prosjekt innan omsorgstenestene

Fjord kommune har delteke i eit Tørn-prosjekt for å finne dei beste løysingane for å bruke rett kompetanse på rett plass. 

Bilde av personar rundt eit bord - Klikk for stort bilete

Gjennom involvering og god kartlegging har ein fått avdekka mange forbetringspunkt. Det første ein har tatt tak i er matservering i bemanna omsorgsbustader.  Der har ein som følgje av prosjektet fått omorganisert middagskøyringa slik at bebuarane ved omsorgsbustaden i Eidsdal no får levert varm mat seks dagar i veka. Andre positive effektar er rettare ressursbruk og redusert matsvinn.

Les meir om prosjektet på KS sine nettsider

God metodikk

Arbeidsmetodikken har gitt gode resultat, og denne vil bli nytta vidare i forbetringsarbeidet. No er all fokus på å kome over på Helseplattformen om to veker. Deretter blir ein arbeide vidare med nye forbetringspunkt.