Passasjerbåten over til normal rute i morgon 24. oktober

I morgon tidleg er passasjerbåten tilbake til opprinneleg rute med avgangar også frå Eidsdal.

Bilde av skyssbåt - Klikk for stort bilete Northwest experience

Beredskapsfartøy er operativt frå i morgon ettermiddag. Det er ein båt med plass til 12 passasjerar.

Dei som abonnerer på SMS-varsling frå Fjord1 på strekninga Eidsdal - Linge vil no bli varsla om det oppstår endringar i rutetilbodet.

Det er planlagt sikringsarbeid i Norddalsstranda i veke 44. Det blir befaring og planlegging denne veka, og det vil kome meir informasjon om dette.