Øvelseskøyring med Habil

Naustrekke i raude og brune fargetonar. Solskin og skog i bakgrunnen. - Klikk for stort bileteNaustrekke i Stordal Bjørg Jacobsen

Røde Kors treng frivillige som kan øvelseskøyre med nye tilflyttarar i Fjord kommune. Tilbodet heiter Habil.

Kva er Habil

Habil er eit mengdekøyringstilbod som Møre og Romsdal Røde Kors har og som lokalforeninga i nærområdet organiserar. Mengdekøyring er ein stor del av dagens køyreopplæring og er viktig fordi det gir tryggare sjåførar som igjen gjer vegen tryggare for alle.

Fire bilar i fylket

Møre og Romsdal Røde Kors disponerer fire bilar som blir fordelt over heile fylket. Ein av desse bilane vil vere i Fjord kommune i september. Tilbodet blir gitt til nye tilflyttarar som ikkje har ein ven/familie i sitt sosiale nettverk som dei kan mengdekøyre saman med.

Å vere frivillig

Opplegget med Habil går ut på at ein frivillig brukar litt av fritida si til å køyre saman med ein person som ynskjer mengdekøyring. Desse to har direkte kontakt og avtalar seg imellom når det skal køyrast. 

Krav

Alle som vil nytte seg av mengdekøyringstilbodet skal ha starta opplæring med ein køyreskule. Køyreskulen skal stå for opplæringa medan Habil kun er mengdekøyring.

Lenke

Les meir om Habil i Møre og Romsdal her.

Ta kontakt

Dersom du ynskjer vere bidra eller berre ynskjer meir informasjon, ta kontakt med Røde Kors på telefon 99354692

Eidsdal-Norddal Røde Kors.