Ordføraren sin kveldstur med «Kveldssete»

Tre personar går i fjellterreng langs eit vatn. Tre og høge fjell i bakgrunnen. Det er sommar. - Klikk for stort biletePå tur til Kilstisætra Merete L. Rønneberg

Bli med ordføraren på tur til vakre Kilstsætra i Eidsdal i dag! Oppmøte på  Gjerdeneset parkeringsplass på Kilsti kl. 1800.

Turen går i lett terreng ved Kilstivatnet, inn til Kilstisætra som vert rekna som ei av dei vakraste setrene på Sunnmøre. Her går det framleis geiter på beite.

På setra inviterer vi til «Kveldssete» med tema Verdsarv. Kva betyr det at området har verdsarv-status? Kva ansvar følgjer med? Kan verdsarven gje verdiskaping? Kva tankar har folk om det å leve med verdsarven? Vi tenkjer høgt saman med ordførar Eva Hove, andre politikarar og lokalbefolkning.

Etter kveldssete kan dei som ønskjer gå turen via Blåhornet attende til parkeringa på Gjerdeneset.

Start: Frå Gjerdeneset/P-plass på Kilsti kl. 18.00
Turleiar: Merete Løvoll Rønneberg, tlf. 993 76 585
Turlengde: 2 km å gå, ca. ½ time til setra Lett tur (grøn gradering)
Arrangør: Stiftinga Geirangerfjorden Verdsarv

 

Fleire turar å vere med på finn du i turkalenderen til Sunnmøre friluftsråd.