Opplæring Helseplattforma

Bilde av tre damer framfor lerret - Klikk for stort bilete

Då er vi i gang med opplæring i Helseplattformen for alle tilsette i pleie og omsorg.

Vi har eigne instruktørar - Emma Gutsveen Ytterdal og Nina Hauglid. Dei har hatt fire veker opplæring, og er godt rusta til å lære opp resten av gjengen. Denne og neste veke skal  23 superbrukarar lærast opp. Dei vil vere hjelpepersonar/ekspertar før, under og etter innføringa.

Opplæringslokalet vårt er i kommunestyresalen på kommunehuset i Stordal. Her er det rigga med 12 opplæringsstasjonar med to skjermar på kvar stasjon. Alle tilsette skal delta på minst eitt kurs, alt etter kva profesjon og arbeidsstad dei har.

Det er bestemt at Fjord skal kople seg til Helseplattforma fredag 3. november kl. 2200.