Open dag på brannstasjonen i Stordal

Brannvernveka Brannvernforeiningen

Open brannstasjon blir arrangert over heile landet i veke 38, som ein del av den nasjonale brannvernsveka. Tidspunktet er ikkje tilfeldig – hausten markerer nemleg inngangen til ei tid på året då talet på bustadbrannar vanlegvis aukar fordi vi bruker meir straum og levande lys.

Stordal brannstasjon laurdag 23. september

– Fleire enn 350 brannstasjonar over heile landet inviterer til Open brannstasjon i samband med den årlege brannvernveka. I distriktet vårt opnar Stordal brannstasjon portane for store og små besøkjande laurdag 23. september frå klokka 11.00 til 15.00. Open brannstasjon over heile landet har vorte ein fantastisk fin tradisjon, og ein viktig arena for å gje nyttig info om brannførebygging, seier Oddbjørn Nilsen, branninspektør Stranda/Fjord brannvesen.

– Hovudfokus for Brannvernveka i år er ladevett og generell branntryggleik i heimen. På Open brannstasjon får dei minste lære om branntryggleik. Det blir konkurransar, demonstrasjon av sløkkjeutstyr og høve til å sitje i ein brannbil. Vi håpar mange tek turen, og er klare for storinnrykk på brannstasjonen, seier Oddbjørn.

Øv for å vere førebudd!

Skular og barnehagar har krav på å gjennomføre jamlege brannøvingar. I heimen har vi ikkje det same kravet, sjølv om dei fleste farlege brannar oppstår der. Nettopp derfor er det viktig å vite kva ein skal gjere ved branntilløp eller brann i heimen. Årlege øvingar der ein bur – gjerne også oftare – vil bidra til at alle i hushaldet i større grad veit kva ein skal gjere om ulykka fyrst er ute.

– Vi oppmodar alle til å bruke Brannvernveka til å prate om, og øve på, kva ein skal gjere om det byrjar å brenne i bustaden. Det treng ikkje vere meir komplisert enn at de avtaler ein møteplass og kven som skal gjere kva. All erfaring viser at dei som har øvd og er førebudd på dramatiske hendingar også handterer dei best, fortel Oddbjørn Nilsen.

Tips til brannøving heime

Ei brannøving treng ikkje vere komplisert eller innebere fysisk evakuering. Det er ofte godt å starte med ein prat om korleis ein kan unngå brann, og kva ein skal gjere om det likevel byrjar å brenne.

  • Ta ein prat med heile familien, t.d. ved middagsbordet om kva ein skal vere ekstra påpasseleg med for å unngå brann.
  • Prat om kva ein skal gjere om det likevel byrjar å brenne, kva om det byrjar å brenne medan ein søv? Høyrer alle røykvarslaren? Tenk gjennom ulike scenarium. Kva om det brenn i trappa?  Kva er alternative rømmingsvegar ut? Er det små barn, avtal gjerne kven som tek ansvar for kva barn og snakk med barna om at dei ikkje må gøyma seg.
  • Bli samde om ein sikker møteplass ute som alle kjenner godt, til dømes postkassa eller søppelkassa.
  • Sjekk ut ulike rømmingsvegar og at dei fungerer, klarer til dømes alle komme seg ned brannstigen?
  • Sjekk at røykvarslarane fungerer som dei skal.
  • Vit kvar brannsløkkjeutstyret er plassert og korleis det blir brukt og sjekk at det ikkje er gått ut på dato.
  • Evaluer øvinga etter gjennomføring. Oppdagar de at ting ikkje fungerer som de hadde tenkt, er det viktig å justera planen og rette eventuelle feil.
     

Om Brannvernveka

Brannvernveka er eit samarbeid mellom Brannvernforeningen, Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) og forsikringsselskapet If.

Les meir om Brannvernveka på denne lenka

 

dekorativ - Klikk for stort bileteIllustrasjon

 

Oddbjørn Nilsen
Branninspektør
E-post
Telefon 41 39 69 79