Nyheit! Biletkunst i Valldal

Nyheit! Biletkunst i Valldal

Biletkunst frå Fjord kulturskule - Klikk for stort bileteBiletkunst Fjord kulturskule

På grunn av positive tilbakemeldingar vil Fjord kulturskule no tilby undervisning i biletkunst også i Valldal. Vi håper dette fører til at endå fleire vil delta!

Undervisningsstad og tid

Undervisninga er på Valldal skule.
Tid: tysdagar kl 1730-1845.

Kostnad

På grunn av sein oppstart vert prisen for vårsemesteret litt rimelegare enn ordinær semesterpris.
Elevavgift: kr. 1000.
Materiellavgift: kr. 300

Lærar

Lærar for biletkunst er Sølvi Lill Seljebotn.

Oppstart

Oppstart så snart som råd. Undervisninga varer ut kulturskuleåret.

Kor mange er det plass til?

Vi opnar i første omgang opp for ei gruppe. Er interessa stor, kan det verte aktuelt å etablere fleire grupper.

Her gjeld det å vere førstemann til mølla!

Påmelding

Her kan du melde på undervisning i kulturskulen