Nye medborgarar

Mottak av flyktninger er ei viktig og prioritert oppgåve for Fjord kommune. Det er busett nye medborgarar i dei fleste bygdene i kommunen.

Personar står oppstilt framfor Syltefjellet - Klikk for stort bilete

I 2022 kom det 16 flyktningar til kommunen. Til no i år er det gjort avtale om å busette 34 personar,  og over halvparten skal bu i Stordal. Vi er oppfordra til å busette 40 personar i år, og det skal vi klare. Vi er også i full gang med å planlegge busetting i 2024. Dette kan vere familie til andre som bor i kommunen, personar som ønsker busetting her, direkte frå mottak eller direkte frå Ukraina etter avtale med oss. 

Introduksjonsprogram

Alle vaksne som kjem til Norge som flyktning skal få tilbod om introduksjonsprogram. To grupper har gjennomført programmet, og fleire av dei er over i ordinært arbeid. Ei tredje gruppe blir ferdig i løpet av oktober. Fokus er å lære norsk, få kjennskap til kulturen, og legge til rette for arbeidspraksis. Dette skjer i samarbeid med mulege arbeidsgjevarar og NAV, for å få til individuelle tilpassingar. 

Neste veke startar vi det fjerde introduksjonsprogrammet.  Fram mot jul blir det fokus på norskopplæring, språkaktivitetar og fysisk aktivitet/livsmestring i nytt land. Over nyttår blir det fokus på ordinær norskopplæring og arbeidspraksis.

Vi er  avhengig av samarbeid med næringslivet.  Er du bedriftseigar - ta kontakt, så finn vi ut kva mulegheiter vi har for samarbeid.

Bustader

Tilgang på bustader er heilt avgjerande, og vi driv på med kartleggingsarbeid her. Har du ein bustad som ikkje er i bruk, eller som kan vere aktuell å sette i stand - ta kontakt.  

Husbanken har ulike verkemiddel som kan takast i bruk, også uavhengig av busetting av flyktningar. Bustader som ikkje er i bruk, kan få inntil 50% støtte av kostnader inntil 300 000 kr.  Vi brukar også andre verkemiddel som startlån og inngåing av tildelingsavtalar.

Vil du bidra?

Røde Kors har i haust arrangert Norskprat i Valldal. Vi håper det kan opprettast eit liknande tilbod i Stordal. 

Habil, eit øvingskøyringstilbod frå Røde Kors er etablert, og fleire som ønsker å ta førarkort har nytta dette tilbodet.

Det er veldig positivt at frivillige organisasjonar og enkeltpersonar engasjerer seg. Det skaper trygghet og tilhørighet, og ein får møte kjente ansikt i lokalsamfunnet.  Om nokon ønsker å etablere ein aktivitet - ta kontakt med oss i Flykningtenesta så kan vi saman sjå på mulegheitene. 

Vi har eit stort behov for syklar og ski i alle storleikar. Har du noko du vil gi bort, ta kontakt med Bjørg Jacobsen på Frivilligsentralen, tlf. 905 29 164.

Lisa Mari Nygård
Koordinator
E-post
Telefon 41 86 79 47
Iryna Kutsa
Flyktningtenesta
E-post
Mobil 41 86 79 53