Ny søknadsrunde for mentor-ordninga i landbruket

Er du ny bonde kan du søkje om å få delta i mentor-ordninga til Norsk Landbruksrådgiving. Tilbodet er gratis. 

Mentorordninga i landbruket inneber at du som ny bonde gjer ein formell avtale med ein erfaren kollega om å vere diskusjonspartner i drifta gjennom eit år.
Tilbodet omfattar alle produksjonar, også Inn på tunet og lokal foredling. Unge bønder under 35 år skal prioriterast i ordninga.

Ta kontakt med regionkontakt i Møre og Romsdal: Gunn Randi Fossland i Landbruk Nordvest, tlf. 958 74 243, e-post gunn.randi.fossland@nlr.no

Søknadsfrist er 1. desember 2022.

Les meir om ordninga på Norsk landbruksrådgiving sine nettsider. Les også artikkelen "Vi anbefaler Mentorordninga" om Piska og Leif Even Ranheim frå Smøla. Dei har delteke på mentor-ordninga og var så heldige å få ein erfaren mentor, Solveig Haglund frå Surnadal.