Ny forskrift om fiske utanfor lakse- og sjøaurevassdrag, og om garnfiske i sjø

Ein trong fjord omkransa av bratte, snødekte fjell. Blå himmel med skyer. - Klikk for stort bileteUtsyn mot Raudbergvika og Sunnylvsfjorden

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal har no fastsett ny forskrift som regulerer fisket i sjø utanfor utløp av vassdrag med anadrome laksefisk og ved kraftverksutløp. Å senke garnreiskap i sjø vert også regulert av forskrifta.

Slik blir reglane i hovudtrekk:

Fiske i sjø utanfor elveutløp

100-meterssona nærast elveutløpet har dei strengaste reglane. Her er alt fiske forbode, unnateke stong frå land når det er fisketid i elva.

I munningsfredingssoner utanfor 100-metersona kan du óg fiske når det er fisketid i elva, men i tillegg kan du:

  • Fiske med handsnøre etter saltvassfisk frå eller båt i ro heile året
  • Fiske etter saltvassfisk med stong og handsnøre frå land, unnateke mars og april, om du er under 18 år.
  • Fiske med stong og handsnøre frå land, is og båt (inkl. dorging) frå og med 1. oktober til og med 28. februar. Anadrom laksefisk må gjenutsettast, med unntak av Smøla kommune.
  • Fiske etter saltvassfisk med teiner heile året, når heile fangstdelen til ein kvar tid står minst 5 meter under havoverflata

Nedsenking av garn i sjøen utanfor fredingssonene

I perioden frå og med 1. mars til og med 30. september skal alle garn, uansett maskevidde, senkast slik at heile fangstdelen står minst 3 meter under havoverflata til ei kvar tid.

Påbodet gjeld ikkje for reiskap som under utøving av yrkesfiske er sett ut for å fange anna enn laksefisk.

Fiskeforbod utanfor kraftverksutløp i sjø

Ved Tussa kraftstasjon, Åmela kraftstasjon og Tafjord kraftstasjon (K4) er alt fiske etter anadrome laksefisk og saltvassfisk forbode i området som strekkjer seg 100 meter frå kraftverksutløpet og ut i sjøen.

Les meir på Statsforvaltaren sine nettsider