Ny fastlege på plass

Tove Standal er tilsett som ny fastlege i Fjord kommune. Legetilbodet for innbyggjarane vil framover vere godt og stabilt.

Saman med dei tre andre fastlegane vil Tove arbeide både på Stordal og Valldal legekontor.

Opningstider på legekontora finn du her

Vi er svært glade for den gode fastlegedekninga i Fjord kommune når vi no har tilsette i alle fastlegestillingane.

Per september 2022 manglar 235.000 innbyggarar fastlege. Dette viser eit nasjonalt utfordringsbilde som er stadig aukande.