No får du gratis klima- og energirådgiving

Frå 19. september kan alle kommunar i Møre og Romsdal tilby gratis klima- og energirådgiving til bustadeigarar i fylket. Fjord kommune er ein av dei kommunane som tilbyr dette.

 

Det betyr at du som eigar av ein bustad no får objektive råd om korleis du kan redusere bruk av energi og finne klimavenlege løysingar for din bustad. Rådgivinga vil finne stad på nett og via digitale synfaringar. Tilbodet er gratis og uforpliktande.

– Tilbodet er ein del av det viktige arbeidet til kommunane med klima og energi. Vi skal legge til rette for at innbyggarar skal kunne ta klimavenlege val, seier rådgivar energi og grøn omstilling, Per Oterholm i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Les meir om saka her

Kontaktpersonar:

  • Per Oterholm, rådgivar energi og grøn omstilling, telefon 456 66 050
  • Nicolai Dirdal, prosjektleiar i Simenergi AS, telefon 928 58 016