Nedetid for det kommunale arkivet

Fjord kommune skal i perioden fredag 25. til og med onsdag 30. november gjennom ei nødvendig oppgradering av det kommunale arkivet, vi skal over på ei skybasert løysing.

Arbeidet er omfattande, og vil føre til at tilsette ikkje har tilgang til arkivet og informasjonen som ligg der. I denne perioden får vi heller ikkje registrert, eller svart på post som blir sendt til kommunen.

Postlistene som ligg på heimesida vil ikkje bli oppdaterte, men sjølvbeteningstenestene vil fungere som normalt. Du kan altså sende inn elektroniske skjema og e-post, men desse vil ikkje bli registrert, eller besvart før arkivet er i normal drift igjen.

Onsdag 30. november vil rådhuset og sentralbordet vere stengt frå klokka 11:30 og ut dagen på grunn av intern opplæring.

Vi beklagar ulempene dette vil kunne medføre.