Mogleg feil på tryggleiksalarmar i Fjord kommune

Fjord kommune har fått opplysningar om mogleg feil på nokre av tryggleiksalarmane kommunen brukar. Feilen gjer at det ikkje vert varsla dersom trykknappen til alarmen sluttar å virke.

Kommunen har  gjennomført ein kontroll av alarmane til alle brukarane i kommunen. I samband med denne kontrollen vart det avdekt ein alarm som ikkje fungerte ved aktivering av alarm. Kommunen har iverksett tiltak for å korrigere feilen hos aktuell brukar. I tillegg vert det gjennomført ekstra tilsyn.