Lyset på Rønneberg

Søndag 28. august er det 100 år sidan toåringen Erling vart attfunnen etter to netter åleine i fjellet. Eit mystisk lys i fjellsida førte redningsmannskapet fram til guten.

Guten kom vekk frå familien sin ein laurdag formiddag, og det vart organisert ein stor leiteaksjon med 250 personar. Søndag kom politiet frå Ålesund og deltok med hundar. Fleire såg lyset i fjellsida natt til måndag, og om morgonen fann dei han der lyset vart observert, i lag med nokre sauer.  På staden der han vart funnen er det reist ei minnestøtte.

Du kan lese historien om Erling på Digitalt Museum.

Hundreårsdagen vert markert med ei friluftsgudsteneste på Framgardssetra i Eidsdal, ikkje langt frå staden der han vart funnen.