Kven fortener Møre og Romsdal sin Frivilligpris 2022?

Møre og Romsdal fylkeskommune sin Frivilligpris 2022 skal heidre stor frivillig innsats. Prisen vert berre delt ut i Frivilligåret 2022. No treng vi di hjelp til å nominere ein kandidat frå Fjord kommune. 

Prisen er ein del av fylkeskommunen sitt arbeid for å stimulere til mangfald, inkludering og ein nyskapande frivillig sektor. Alle kommunane er inviterte til å kome med forslag til ein person som har utmerka seg med frivillig arbeid i lokalsamfunnet sitt.

Kven kan nominerast til prisen?

Prisen skal gå til ein person som har gjort ein stor innsats for frivilligheita i lokalsamfunnet sitt over lengre tid. Prisen skal vere til inspirasjon for frivilligarbeidet i fylket.

Vilkår: Prisen skal gå til ein person som 

  • høyrer heime i fylket
  • viser evne og vilje til å yte aktiv frivillig innsats utover det vanlege
  • bidreg til trivsel og livskvalitet for andre
  • kan ikkje vere tilsett i ein frivillig organisasjonen
     

Send oss forslaget ditt

Det er mange frivillige i Fjord kommune som gjer ein stor innsats for fellesskapet.
Vi ønskjer difor forslag frå lag, organisasjonar og einskildpersonar om kven som skal verer Fjord sin kandidat til frivilligprisen.

Vinnaren av prisen får kr 30 000, i tillegg eit kunstverk frå ein kunstnar i Møre og Romsdal.

Frist for å sende inn forslag er fredag 28. oktober.


Bruk skjema her.