Kongeparet kjem til Fjord kommune

Hans Majestet Kongen og Hennar Majestet Dronninga kjem på besøk til Fjord kommune tysdag 30. august.

Kongehuset har gått ut med slik pressemelding i dag:

"Hans Majestet Kongen og Hennar Majestet Dronninga besøkjer Møre og Romsdal i perioden 30. august til 1. september 2022.

Fylkesbesøket startar i Fjord kommune på føremiddagen tysdag 30. august, og Sykkylven får besøk på ettermiddagen. Onsdag føremiddag kjem Kongen og Dronninga til Vanylven kommune og avsluttar dagen med å besøke Sande kommune. Fylkesbesøket blir avslutta torsdag 1. september 2022 med besøk til Hareid kommune.

Kongeskipet Norge vil bli nytta under fylkesturen."

Vi gler oss veldig til dette besøket, seier ordførar Eva Hove. Eg er sikker på at innbyggjarane våre vil ta varmt i mot kongeparet. Vi har mykje å vere stolte av og vise fram i kommunen vår, og vi skal legge til rette for at dette blir ein skikkeleg folkefest!