Kongebesøk 30. august

Dagen for kongebesøk nærmar seg. Kongeparet stig i land på Syltetorget tirsdag 30. august kl. 1030, og har avreise igjen derifrå kl. 1200. Vi ønskjer alle velkomne til Syltetorget, og håper dette blir ein flott folkefest. 

Dei vil bli møtt av korpsmusikk, blomsteroverrekking og hurra-rop. Det blir lokale kulturinnslag frå scena.

Det vil kome meir informasjon tidleg neste veke om program, korleis området blir organisert, og kvar folk kan opphalde seg.