Klart for ny StikkUT! -sesong!

1. mai går startskotet for sommarsesongen til Stikk UT! I år er det 503 turmål å velje mellom i heile fylket, 30 av dei i Fjord kommune. Ver merksam på at snøforholda gjer at det er utsett opning på mange av dei lokale turmåla.

Stikk UT!-sesongen (sommar) varer fra 1. mai til 31. oktober. Nettsida og appen har fått sommardrakt og her finn de informasjon om turmåla og registreringa, sjå Stikkut.no

Fjord har sju nye turar i 2022:
Botnen i Norddal, Brekkevatnet/Brekkå og Omnossætra i Valldal, Hegguraksla i Fjørå, Flyene i Tafjord og Flåna og Kleivahammaren i Eidsdal.
Resten av turane er vidareført frå 2021.

Her finn du oversikt over alle turane i Fjord.
Turmåla som har utsett opning har grå farge fram til opningsdato.

Vi takkar dei frivillige medhjelparane i alle bygdene våre for god hjelp med turmåla - utan dei hadde vi ikkje hatt StikkUT! i Fjord!

Stikk UT ein tur! God tur!
 

Alle turane kan registrerast digitalt enten på stikkut.no eller i StikkUT-appen som kan lastast ned gratis i Google play eller App Store. Det er gratis å delta, men du må opprette ein brukarprofil for å registrere turmåla. Les meir om korleis du gjer det her.