Klart for MOT-bakkeløp!

to vaksne og tre brnpå tur i skogen. eit barn i beremeis. Personane ser p åein perosn utkledd som Rødhette. - Klikk for stort bileteI fjor møtte vi blant anna Rødhette som var på leiting etter huset til bestemora si. MOT Fjord

Søndag 24. september er det igjen duka for MOT-bakkeløpet! Alle er velkomne til å bli med på arrangementet som startar på Mo og går opp til Mosætra i Stordal.

MOT-bakkeløpet er for alle!

Klokka 10:00 starter vi arrangementet frå Mo i Stordal. Langs løypa på veg opp til Mosætra vil ein møte skodespel, tekstar og figurar. Skodespelet er skreddarsydd for barnehage og opp til ca 10 år. I fjor møtte vi på Bestemor skogmus, Askeladden, bjørnen som sov, og lignande vesen frå kjende eventyr og historier. I år møter vi andre skikkelsar, utan å røpe noko meir om det. For vaksne vil ein møte tekstar med historier og verktøy som vi bruker i arbeidet kring MOT, som er til refleksjon og ettertanke.  

Kva skjer på Mosætra

På toppen vil det vere sal av kaffi og kaker og aktivitetar som små og store kan halde på med. 

Konkurranseklassa

Kl. 12:00 går startskotet for konkurranseklassa. Vi har fire klasser, kvinner over og under 18 år og menn over og under 18 år. Det vil vere premiering frå 1-3.plass i kvar klasse.
Lenke til påmelding i konkurranseklassa finn du her.

Loddtrekning

Alle som kjem seg opp til Mosætra vil få utdelt eit lodd kvar. Når konkurranseklassa er komen i mål, så vil vi ha utdeling av premiar og trekning av premiar blant alle.  

Vel møtt!

Vi kryssar fingrane for fint vêr og håper at så mange som mogleg vil ta turen opp på Mosætra søndag 24. september. 

 Arrangør er MOT i Fjord kommune.   

Bilde av plakat. Dekorativ. - Klikk for stort bileteplakat.