Kan du tenke deg å delta på fylkesfestivalen for UKM?

UKM fylkesfestival - Klikk for stort bilete

Driv du med kunst eller kultur og er mellom 13 og 20 år? Kan du tenke deg å delta på UKM Fylkesfestival 2023? No har du sjansen til å bli med!

I kommunen vår er det kvart år fleire flotte arrangement der ungdom får vist fram kva dei held på med. Vi håper at mange av desse ungdommane har lyst til å vere med på fylkesfestivalen som er open for alle.

Kva er fylkesfestivalen?

På Fylkesfestivalen får du møte andre ungdommar som elskar kunst og kultur, og du får vise fram kunsten din, lære meir om lys- og lydproduksjon, vere artistvert eller framføre på stor eller lita scene! I tillegg kan du delta på spennande workshops (verkstadar) med flinke instruktørar! Saman tek vi sikte på å skape ein eineståande festival der noko kult, moro og sosialt vil skje kvar einaste dag.

Fylkesfestivalen er open for alle - og det er heilt gratis å delta! 

Fylkesfestivalen 2023

Fylkesfestivalen vert arrangert i Herøy kulturhus i Fosnavåg i haustferien, 9. – 12. oktober. Fylkesfestivalen 2023 er eit samarbeid mellom Møre og Romsdal fylkeskommune og Herøy kommune og Sande kommune. Overnatting (teltcamp) blir i Herøyhallen, under same tak som Herøy kulturhus.

Meld di interesse!

Er du mellom 13 og 20 år og kan tenkje deg å delta på Fylkesfestivalen? Send ein e-post til oss! Skriv litt om kven du er og kva du kunne tenkje deg å delta med.
 

Kva kan du gjere på UKM?

Teikning av ein person med englevinger som set i ei blomstereng og skodar utover. - Klikk for stort bilete"Tankefull", teikning av Hege Sylte Sæther. privat

På UKM kan du nemleg gjere det aller meste som har med kultur å gjere, og litt til. Du kan vise fram noko du er god

til, og du kan delta både på, bak og rundt scena. Kultur er heller ikkje berre sang og dans. Å lage ein TikTok-video, bygge eit hus på Minecraft eller lage ein sminkevideo er også kultur. Kanskje du er god til å arrangere, danse, game, lage kostymar, synge, organisere, fotografere, male, designe, kveile kablar, filme, underhalde eller skrive? Dette er berre litt av mange ting ein kan gjere på UKM.


Finn ut meir om UKM

UKM Møre og Romsdal har eiga nettside og facebookside der du kan finne meir informasjon.

Nokon av dei som er med på fylkesfestivalen får også anldning til å delta på UKM-festivalen 2024. Her kan du lese om UKM-festivalen 2023.

Påmeldingsfrist

Frist for å sende inn påmeldinga er søndag 20. august.

 

NB! Det er ikkje sikkert at du får delta, sjølv om du sender inn informasjon til oss. Vi må mellom anna ta omsyn til kor mange det er som ynskjer delta, kva ein ynskjer delta med og liknande. Det kan derfor vere lurt at du legg ved anten ein videosnutt, bilde eller liknande, som kan vere med og bidra til at nettopp du får høve til å delta.

 

Blir du med?