Justerte opningstider Stordal legekontor

Fastlegen i Stordal har sagt opp stillinga si, og ein har enno ikkje lukkast med å få tilsett ny. Inntil vidare vil dette medføre nokre tilpasningar for at vi framleis skal kunne tilby trygge helsetenester for alle innbyggarane våre.

Førebelse opningstider på Stordal legekontor: 

Måndag: Kl. 0800-1530, lege tilgjengeleg kl. 0800-1200
Tysdag: Stengt. Telefonen open som vanleg
Onsdag: Kl. 0800-1530 med lege tilgjengeleg
Torsdag: Kl. 0800-1530. Lege tilgjengeleg annankvar torsdag i oddetalsveker
Fredag: Stengt. Telefonen open som vanleg

Veke 43 og 44 vil vere ein oppstartsfase. I veke 43 blir det lege i Stordal onsdag 26/10 og torsdag 27/10. I veke 44 blir det ingen lege på Stordal legekontor.

Frå onsdag 9. november blir førebelse opningstider gjeldane. Då vil der vere lege frå Valldal på Stordal legekontor. Utover dette kan ein bestille legetimar i Valldal.

Legekontora tilbyr digitale tenester på Helsenorge.