Invitasjon til SamSang!

Blomster - Klikk for stort bileteBlomster

Er du glad i musikk og vil vere med å synge? 
Kom og syng deg glad med kjente melodiar på omsorgsbustaden i Eidsdal.

Vi inviterer interesserte til å delta i prosjektet med SamSang. Spesielt velkomen til deg som ikkje hugsar så godt lenger. 

Prosjektet er eit samarbeid mellom Demenskoordinator og Fjord kulturskule. SamSang blir leia av musikkterapeut Dagrun Vikesland og demenskoordinator Siv Ingeborg Støvreide. 

No har vi vore seks veker i Valldal, og vil fram til jul ha tilbodet på omsorgsbustaden i Eidsdal: 
Fredag 8, 15 og 22. desember kl 11.
Det blir enkel servering av kaffe, te, frukt eller kjeks.

Har du spørsmål - kontakt demenskoordinator Siv Ingeborg på tlf. 418 6 7967 eller epost: Siv.ingeborg.stovreide@fjord.kommune.no