Invitasjon til folkemøte

Invitasjon til folkemøte

Fjord og Stranda kommunar inviterer til folkemøte om tenestesamarbeid. Møtet vert på Norsk Fjordsenter i Geiranger måndag 3. oktober kl. 19.00. 

Tema er tenestesamarbeid mellom kommunane

Fjord og Stranda kommunar gjennomfører no eit prosjekt for å sjå på mogelegheiter for samarbeid om dei kommunale tenestene, med særleg fokus på tenesteleveransen i Eidsdal, Geiranger og Norddal.

Målet med prosjektet er å gjere tenestene føreseielege og trygge for innbyggarane, fremje tilflytting til bygdene, sikre rekruttering og gode fagmiljø, sørge for rett kompetanse på rett plass og ta i bruk digitalisering og velferdsteknologi.

Vi ønskjer å orientere om prosjektet og få synspunkt, innspel og kommentarar.

Alle er hjarteleg velkomne!