Informasjon til hytteeigarar

Då nærmar påska seg, og mange reiser til hyttene sine i kommunen.
 

Hytta skal ha sløkkeutstyr og røykvarslar

Mange hytter ligg slikt til at det kan være vanskeleg for brannvernet å kome fram. Dette inneber at mange må vere forberedt på å sløkke ein eventuell brann på hytta sjølv.

I avsidesliggande område vil brannvernet kanskje ikkje kome fram før hytta har brent ned. Derfor oppfordrar vi alle hytteeigarar å utstyre hytta godt med sløkkeutstyr og røykvarslarar, slik at ein blir varsla og kan handtere eit branntilløp.

Vi anbefalar også å henge opp ein nødplakat der GPS-posisjonen er på hytta, slik at naudetatar finn hytta.

Ein kan lage ein naudplakat gratis på https://norskluftambulanse.no/nodplakat/ eller https://www.kartverket.no/Kart/Nodplakat/

Filmsnuttane er laga av Norsk brannvernforening i samarbeid med Tryg:

Anbefalt sløkkjeutstyr (MP4, 25 MB)
Sjekk av røykvarslar (MP4, 16 MB)  - Ein god vane
Bruk av gass (MP4, 42 MB) 
Plassering av sløkkjeutstyr (MP4, 21 MB) 
Grilling (MP4, 26 MB) - Slik grillar du trygt i sommar
Straumforbruk (MP4, 13 MB) - El-tryggleig er viktig, også på hytta!
Komfyr (MP4, 50 MB) - Gode råd for å unngå brann ved komfyren
Brannskade (MP4, 40 MB) - husk 20/20!

Sjekkliste

  • Sjekk røykvarslar kvar gong de tek i bruk hytta.
  • Sjå over slokkeutstyret, at pila står på grønn og pulveret er løst.
  • Bytt batteri ved behov, minimum ein gong per år.
  • Gå aldri frå levande lys.
  • Ikkje bruk peis/ovn som tørkestativ.
  • Sørg for å håndtere oske og glør på ein forsvarlig måte.    
  • Ikkje gå frå hytta med elektriske apparat i bruk.
  • Vær ekstra varsam ved bruk av gass. Sjekk utstyr og slangar jamleg.
  • Bruk godkjent installatør når det elektriske anlegget skal utbetrast.

Ha ei riktig god påske!

Med helsing frå brannvernet i Fjord kommune