Høyring - Førebyggande oppvekstplan

Barnevernsreforma, også kalla oppvekstreforma tredde i kraft 01.01.22. Oppvekstreforma skal styrke kommunen sitt førebyggande arbeid og tidleg innsats. 

Målet med arbeidet

Målet er at fleire barn skal få rett hjelp til rett tid, og at tilbodet til barn og familiar i større grad skal tilpassast lokale forhold. Oppvekstreforma pliktar kommunestyret å vedta ein plan for arbeidet med å fremje gode oppvekstvilkår, og for å førebygge at barn og unge blir utsett for omsorgssvikt. Planen skal vere eit verktøy for å sikre forpliktande og systematisk innsats for å legge til rette for heilskaplege tenester. 
I planen skal det komme fram kva kommunale tenester som skal ha ansvar for dei ulike førebyggande oppgåvene, og korleis dei skal samarbeide. Fjord kommune har ikkje tidlegare hatt oppvekstplan, og ein slår derfor saman kravet om førebyggande plan og oppvekstplan til ein heilskapleg plan. Som ein del av arbeidet med førebyggande oppvekstplan er det gjennomført ei kartlegging av kommunen sine samarbeidsarenaer, og program/tiltak som vert tilbydd barn, unge og familiar i Fjord.

Satsing framover

Fjord kommune vil i ei to - årig satsing i 2024-2025, jobbe med Bedre Tverrfagleg Innsats (BTI). Dette omhandler arbeid med utvikling av modell for bedre systematisk samarbeid rundt barn og unge, samt ein handlingsrettleiar frå bekymring til tiltak. Dette med midlar gjennom Barne- og ungdomsdirektoratet (Bufdir). Utarbeidinga av samhandlingsmodell og handlingsrettleiar, vil komplementere den førebyggande oppvekstplanen som eit godt verktøy for systematisk og tidleg identifisering og oppfølging av utsette barn og unge.

 Uttalar kan sendast til Fjord kommune, postboks 144, 6211 Valldal eller til post@fjord.kommune.no 

Høyringsfrist 22. mai 2024

Førebyggande oppvekstplan skal behandlast i Formannskapet 6.juni og Kommunestyret 20.juni. Den skal sendast Statsforvalteren i Møre og Romsdal innan 30.06.24

Førebyggande oppvekstplan Fjord kommune (PDF, 806 kB)